Kurs i presentasjonsteknikk - AVLYST

bilde

Kurset vart AVLYST grunna for få påmelde.

Bømlo næringsråd vil tilby medlemmene kurs i presentasjonsteknikk. Me har knytt til oss Marco Thomas (www.learntofly.no), som er teaterpedagog, skodespelar og foredragshaldar.

Marco er engasjerande, og han har ei framifrå evne til å løfte fram deltakarane til å yte sitt beste. Han har arbeidd med presentasjonsteknikk for leiarar i mange år.

Kurset er svært nyttig for alle som med jamne mellomrom held innlegg og presentasjonar for andre. Også svært relevant for alle som arbeider med sal.

Korleis sikre godt innsal i møte med kunde, direkteprat 1:1, «heis-pitch» m.m.
⁠Du har berre ein sjanse til å gjere eit godt fyrsteinntrykk!
⁠Lær om:

  • Kroppsspråk
  • Korleis bruke hendene
  • Min verknad på andre
  • Sjølvsikker framom andre
  • Korleis handtere nervøsitet
  • Bruk av stemme/språk
  • Korleis starte/avslutte ein presentasjon • Korleis få merksemda tilbake
  • Korleis oppfattar andre deg

Alt dette gjennom praktiske øvingar, evaluering og feedback.

⁠Forfriskande praksis i staden for lammande teori!

Kurset vert på Kulleseidkanalen i Stova oppe.
⁠Pris kr. 2380,- (inkludert fylt focaccia)

Bindande påmelding innan 12.4.2023 til heidi@bomlonr.no.

Sjå alle hendingar