Inspirasjonssamling for handel og service

bilde

Snart kjem hausten snikande, og kva er vel då betre enn å starte med ei lita inspirasjonssamling for handels- og servicenæringa? På samlinga får du høyra:

  • Frode Hetlevik, næringslos i Kvinnherad, tidlegare eigar av Blomsterdekor og medeigar i Finn Schjøll, held inspirasjonsforedraget "Målet er rett fremfor deg. Det er store muligheter i en vanskelig tid "
  • Senterleiar for Bømlo Storsenter, Anita Hellen Morlandstø, fortel om sine tankar rundt korleis skape liv i sentrum
  • Hotelldirektør for Bømlo Hotell, Holger Thede, fortel om oppussinga og framtidsplanane for hotellet
  • Damene i sentrum presenterer tankar om felles arrangement for handelsnæringa framover

På hotellet blir det mogleg å handle kaffi eller anna godt i glaset, og noko attåt.

Påmelding til heidi@bomlonr.no innan 21. september. HSD og Bømlo Storsenter sponsar arrangementet! Påmeldinga er bindande, og arrangementet er berre for medlemmar.

Sjå alle hendingar