Bømlo Kommune

Samling for handverksbedrifter og matprodusentar

bildeFoto: Foto: Alexander Andrews, Unsplash

Bømlo Næringsråd inviterer handverksbedrifter og matprodusenter til samling i Kommunestyresalen i Bømlo Rådhus.

Målet er å treffast, bli betre kjende med kvarandre, og sjå om det er ting me kan gjere saman - som gjer oss sterkare.

Det blir innlegg frå næringsrådet, Gullsmio, Bømlo Maker Space, ordførar og kommunedirektør, før me køyrer ein plenumsdiskusjon der me diskuterer oss fram til korleis me kan leggje til rette for tettare samarbeid framover.

Påmelding til heidi@bomlonr.no innan 13. april. Sjåast på rådhuset!

Agenda
17:00Velkommen og bakgrunn for møtetv/dagleg leiar Nina Ingvaldsen Bømlo Næringsråd
17:15Utvikling gjennom samarbeid - kva er første steg?v/dagleg leiar Astrid Farestveit Gane Gullsmio
17:25Asbjørns rammeverksted - no og framoverv/rammemeister Asbjørn Egeland
17:35Draumen om Bømlo Maker Spacev/initiativtakar Torbjørn Gjøen
17:45Bømlo kommune - eit mangfaldig næringslivv/ordførar Sammy Olsen
17:55Pause og ein kopp kaffi
18:10Plenumsdiskusjon
18:50Oppsummering, og takk for i dagv/kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter

I plenumsdiksusjonen ønskjer me å diskutere følgjande spørsmål:

  • Kva kan me få til saman? Både dei som driv innan det same, og på tvers av område?
  • Korleis bør me organisere oss for å få til meir i lag?
  • Kva areal og/eller verkstadar ville vore interessant å hatt tilgjengeleg for å drive utvikling vidare?
  • Finnes det midlar å søkje på som kan vere med å finansiere eit samarbeid mellom fleire bedrifter?
  • Korleis kan næringsrådet legge betre til rette for samarbeid?