Frukostmøte om tryggleik og beredskap
Frukostmøte hos Finnås Kraftlag i Hollundsdalen, i samarbeid med Haugaland Kraft og Fagne, om tryggleik og beredskap i ei meir uroleg tid
Vi lever i ei stadig meir uforutsigbar verd. Geopolitiske spenningar, digitale truslar og meir ekstremvêr stiller aukande krav til tryggleik og beredskap, også lokalt. Kraft- og digital infrastruktur er mellom dei mest samfunnskritiske funksjonane vi har. Når straum og fiber er stabile, fungerer både næringslivet, kommunane og kvardagen vår slik dei skal.
På frukostmøtet deler Haugaland Kraft innsikt og erfaringar frå arbeidet med tryggleik og beredskap. Vi ser nærare på verdien av gode tryggingstiltak, korleis nettselskapet arbeider for å sikre straumforsyninga lokalt, og kvifor digital tryggleik og robuste fibernett er avgjerande for næringslivet. I tillegg blir forskingsprosjektet B-READY presentert. Prosjektet viser korleis batteriløysingar kan bidra til både grøn omstilling og styrkt beredskap i straumnettet.
Du vil få høyre innlegg frå:
- Tore Skogøy, IT-sjef i Haugaland Kraft
Korleis tilpasse seg ei ny digital tid? – verknaden av gode tryggingstiltak - Aksel Sæther, bedriftsrådgjevar, og Jone Tonning, nettverksingeniør for teknisk tryggleik og beredskap i Haugaland Kraft Fiber
Digital tryggleik og robust infrastruktur – kva betyr det for næringslivet? - Joacim Strand Haraldseid, risikorådgjevar og beredskapskoordinator i nettselskapet Fagne
Tryggleik og beredskap i den regionale kraftforsyninga - Espen Nordtveit, prosjektutviklar i solkraftselskapet Endra
B-READY: Auka beredskap i straumnettet med batteriløysingar
Program
08.00–08.25 | Frukost og mingling |
08.25–08.35 | Velkomen til frukostmøte v/Tor Bjarne Smedsrud, Adm. dir Finnås Kraftlag |
08.35-09.45 | Faglege innlegg frå Haugaland Kraft, Fagne og Endra |
09.45-09.55 | Spørsmål og svar |
09.55-10.00 | Avslutning v/Ragnfrid Sønstabø, Bømlo Næringsråd |
Meld deg på til ragnfrid@bomlonr.no innan fredag 16. oktober.