Frukostmøte med Matre Maskin, Servogear og Stord Lufhamn
Næringsrådet har ein serie med frukostmøter som me kalla for «Ka bala du med?». Her går tre bedrifter saman, for å fortelje om det dei driv med. Denne gongen er det Matre Maskin, Servogear og Stord Lufthamn som vil presentere seg. Frukostmøtet finn stad i kantina på Matre Maskin i Brubakken.
Bedriftene:
Matre er ein leiande produsent av avansert brannslukkingsutstyr for å trygge kritisk infrastruktur, blant anna helikopterdekk på offshore-installasjonar, båt og sjukehus. Høyr om korleis dei frå Rubbestadneset leverer både produkt og system over heile verda.
Servogear er ein verdsleiande produsent og leverandør av vribare propellar og girboksar. På frukostmøte vil dei fortelje om korleis Servogear er organisert, kva dei kan levere og til kven.
Stord Lufthamn kjem for å gi ei kort oppdatering om status og utvikling ved Stord lufthamn og DAT, med særleg fokus på beredskap, nye ruteanbod og sommarruter mellom Stord og Oslo. I tillegg vil dei seie litt om konkurransesituasjonen mot Haugesund og samfunnseffektane av lufthamna.
Program:
- Frukostservering
- Velkommen og kort status frå næringsrådet
- Matre Maskin v/dagleg leiar Tommy Esperø
- Servogear v/dagleg leiar Anita Alsaker + Lars Hovland på prosjekt og Malvin Teigland på Service
- Stord Lufthamn v/lufthamnsjef Jan Morten Myklebust
Påmelding innan 16. april til post@bomlonr.no.
Samlinga er for medlemmar i Bømlo Næringsråd, og det er begrensa med plassar. Så ver rask å melde deg på!