Bømlo Kommune

Frukostmøte: Korleis sikre deg dei flinke folka?

bilde

Velkommen til frukostmøte med Bømlo Opplæringskontor, Rettleiingstenesta og NAV Bømlo i kommunestyresalen på Bømlo Rådhus. Bremnes Seashore, Zinus og Bømlo Kommune kjem òg for å dele konkrete erfaringar.

Tema for frukostmøte er: Korleis sikre deg dei flinke folka? Rekruttering, lærlingar og støtteordningar for næringslivet.

Program:

08.00: Frukost

08.30: Velkommen v/Ragnfrid Sønstabø, dagleg leiar i Bømlo Næringsråd

08.40: Bømlo Opplæringskontor om lærlingordninga og ulike vegar til målet: straka vegen, alternative løp, slik støttar me bedriftene og slik blir du blir du lærebedrift. v/ dagleg leiar Bømlo opplæringskontor Arnhild Tveita-Larsen.

  • Erfaringsdeling frå Bremnes Seashore

09.00: Kva rolle har fylkeskommunen inn mot lærlingar og lærebedrifter? v/ Seniorrådgjevar Asbjørn Mæland i rettleiingstenesta Vestland sør. 

09.20: Frå arbeidstrening til fagbrev. Kva ordningar har NAV? v/Jens Erik N. Hansen. 

09.40: Bømlo vaksenopplæring – ein rekrutteringsarena! v/Betina Skovly Kråkenes, rådgjevar BVO. 

  • Erfaringsdeling frå Zinus og Bømlo Kommune

Meld deg på til ragnfrid@bomlonr.no innan 27. februar.

Sjå alle hendingar