Siemens Energy

Frukostmøte hos Siemens Energy

bilde

Siemens Energy inviterer til frukostmøte i deira lokale på Ternetangen. Neste år er det 70 år sidan Arnfinn Matre stifta Matre & Co, som er forløparen til denne verdsleiande leverandøren av produkt, system og tenester for distribusjon av elektrisk kraft. Matre & co er i tillegg forløparen og hovudaksjonær til Matre Maskin, og på samlinga vil de få høyre frå begge desse bedriftene:

  • Velkommen og kort status frå næringsrådet v/dagleg leiar Nina Ingvaldsen
  • Matre maskin før, no og framover v/dagleg leiar Tommy Esperø
  • Siemens Energy, før no og framover v/dagleg leiar Are Matthiessen
  • Omvisning hos Siemens Energy v/Head of Engineering Kjetil Haldorsen

Påmelding innan 23. august til heidi@bomlonr.no.

Frukost vert servert frå kl 08.00, og så startar med 08.30. Velkommen!