Moster Amfi

Frukostkurs om IT-sikkerhet – unngå millionsmell

bilde

Ingen kan vera heilt trygg for dataangrep og svindelforsøk. Men med riktige verktøy og rutinar kan du redusera risikoen, og du kan redusera skaden dersom uhellet likevel skulle skje. 

På dette kurset fortel erfarne IT-folk frå iteam om viktige rutinar som alle ha på plass for å vinna kampen mot svindlarar og hackarar.

  • Kva gjer du når tilsette byrjar, og sluttar?
  • Kva er «skugge-IT»?
  • Kva gjer du for å unngå katastrofe dersom du likevel er uheldig?

Dei kjem også med praktiske tips til korleis du kan gjera di verksemd sikrare.

  • Korleis kan du handtera passord og pålogging på ein enklare og tryggare måte?
  • Korleis kan dei tilsette betre identifisera svindelforsøk? 

Få med deg dette særs relevante og viktige kurset før påske. Påmelding til heidi@bomlonr.no innan 30. mars - frukost frå kl 8, og oppstart av kurs 8.30. Vel møtt!

Sjå alle hendingar