Bømlo Kommune

Førstehjelpskurs - FULLTEIKNA

bilde

Etter innspel frå medlemsbedrifter vil me no tilby eit kurs i førstehjelp. Det er mange bedrifter i næringsrådet som møter mykje folk gjennom jobben sin, og ein veit aldri når ein plutseleg kan få bruk for slik kunnskap. Me er heldige som har fått Sissel Habbestad til å halda kurset, der ho vil gje ei god innføring i førstehjelp.

Kort om Sissel og kurset:

⁠«Eg heiter Sissel Habbestad og jobbar til dagleg i ambulansen på Bømlo. Har jobba der i 15 år. Dei 2 siste åra har eg jobba 75% på bil og 25% som fagutviklar i ambulansetenesta i Helse Fonna. I den jobben får eg følgje med på utviklinga av faget. Eg har også dei siste 10 åra halde førstehjelpskurs.

Primært så er eg innleigd av Stiftelsen Norsk Luftambulanse, og held mange kurs for dei kvart år. Der har eg ansvar for akutthjelper-opplæringa av brannmannskap. Elles så har eg holdt ein del kurs her i lokalsamfunnet når eg har ledig kapasitet.

Eg ynskjer at du skal få auka kunnskap om det å hjelpe sjuke eller skadde personar.

Kurset er lett forståeleg, og passar for alle. Du treng ingen kunnskapar frå før.

På kurset så snakkar me om kva du gjer dersom du møter på ein sjuk eller skadd person, og snakkar litt om dei vanlege ting du møter på.

Me tar og ein god gjennomføring på HLR (hjarte lungeredning) med hjartestartar. Du får øva på dokker.»

Håper du har anledning til å delta på dette viktige kurset, som finn stad i kommunestyresalen i Bømlo Rådhus.

Pris:
⁠Medlemmer i Bømlo næringsråd: 700,-
⁠Ikkje medlem i Bømlo næringsråd: 1095,-

Frist for påmelding: 17. februar 2023 til heidi@bomlonr.no.

Sjå alle hendingar