Moster Amfi

Førebuing reiseliv sommaren 2022

bildeFoto: Bergen museum

Ved forrige reiselivssamling kom det opp ulike idear og innspel. Mellom annan kom det innspel om "kva skal me selgje, kva er vår "land of the Vikings"" og "me treng nokon til å koordinere arbeidet med reiseliv". I tillegg vart det spela inn i etterkant frå ein av deltakarane, eit ønskje om å lage ei helg der me inviterer bømlingane å vera "Turist i eiga bygd". Få testa ut dei lokale, kommersielle tilboda, gjerne i samanheng med dei ikkje-kommersielle.

Næringsrådet har undersøkt kva som er gjort andre stader og henta erfaringar derifrå, sett litt nærmare på kva moglegheiter me har i regionen og lokalt, og korleis få tak i finansiering. Basert på innspela me fekk frå dykk førre samling, og det me har funne ut til no, foreslår me å teste ut følgjande sommaren 2022:

Køyre prosjektet "Turist i eiga bygd", ei helg i sesongen, der me spissar eit opplevingstilbod og ev. lagar til nokre pakketilbod retta mot bømlingen - og der me byggjer opplevinga på den usedvanleg rike steinhistoria vår, og formålet til Geopark Sunnhordland. På denne måten byggjer me lokalt - samstundes som me styrkjer regionalt. Vinn-vinn!

Påmelding innan 10. mars til heidi@bomlonr.no.

Agenda
17:00Etter litt uformell drøs ved ankomst, vert det ønska velkommen og gjeve bakgrunn for møtetv/Bømlo Næringsråd
17:45Geopark Sunnhordland: Kva moglegheiter finnes for reiselivsnæringa - lokalt og regionaltv/dagleg leiar Brynjar Stautland i Geopark Sunnhordland
18:15Om «Turist i eiga bygd»v/styremedlem Bømlo Næringsråd Anita Hellen Morlandstø
18:30Workshop: Kva kan reiselivsaktørane, åleine eller saman med andre tilby denne helga av opplevingar ut mot ulike målgrupper?Idemyldring på samlinga. Det er fint om ein har tenkt litt på førehand kring eigne tilbod, ev. samarbeidsprosjekt.
19:30Reiselivsbrosjyre for Bømlo: Korleis promotere reiselivssesongen 2022?v/styremedlem Bømlo Næringsråd Anita Hellen Morlandstø. ⁠Bømlo næringsråd utarbeider ein brosjyre som viser kva reiselivsaktørane på Bømlo har å tilby i sesongen 2022
20:00Finansiering: For prosjektet "Turist i eiga bygd" og for koordinering av reiseliv gjennom samarbeidv/dagleg leiar Nina Ingvaldsen Bømlo Næringsråd
20:30Takk for i dag og vel heim