Atheno

Energiseminar

bilde

Den 17. november arrangerer Atheno energiseminar. Samlinga bør vere svært aktuell for alle som vil redusere kostnader knytt til energibruk i eigen verksemd, - og samtidig redusere klimafotavtrykket. Eller du som treng fagleg påfyll, ynskjer å kome i kontakt med aktørar innan fagfeltet, eller arbeider med kundar som treng tenester knytt til dette.

Me har invitert ulike innleiarar som vil sette fokus på forskjellige grep ein kan gjere, - og det vert eksempel frå ulike prosjekt som er gjennomført eller under planlegging. Kven i frå di bedrift kjem? 😊

Målgruppe: Beslutningstakarar og andre i industribedrifter, kommunar, landbruk, bygg- og anlegg, - og for deg med generell interesse for tematikken.

Deltakaravgift: kr 500,- per. person inkl. lunsj. Bindande påmelding til: ole.jacob@atheno.no innan 15. november.

PS! Ynskjer du ein prat med ein av innleiarane mellom kl. 13 og 15? Gje eit vink ved påmelding om kven du vil snakke med, - så riggar me eit møte!

Energieseminaret er ein forløpar til Atheno si kommande solkraftveke i januar 2023.

Sjå alle hendingar