Bømlo Kulturhus

Berekraftige Bømlo

bildeFoto: Kulturhuset

Bømlo næringsråd inviterer til samling om Berekraftige Bømlo.

Her får du informasjon om grøne teknologiutviklingsprosjekt som føregår hos bedrifter som er etablert her på Bømlo.

På samlinga fortel dei om grøne prosjekt som dei har, korleis dei arbeider for å få rette samarbeidspartnarar på plass, korleis dei brukar klynger og verkemiddelapparat, og deler gjerne tankar om kva tenester dei ser vil vere av interesse at hadde blitt etablert lokalt, og som kunne gjeve dei enno større konkurransefortrinn.

Påmelding med e-post til heidi@bomlonr.no.

Samlinga er sponsa av SPV, og vert avslutta med lunsj. Det vert lagt inn ein lengre kaffipause midtvegs.

Agenda
08:30Velkommen frå dagens sponsorv/regionsdirektør Olav Hovland Sparebanken Vest
08:45På vegen mot Utsira Nordv/CEO Gunnar Birkeland UNITECH
09:00Verda ser til Bømlov/Commercial Environmental Manager Marie Engelsen Launes Eidesvik Offshore
09:15Grøn konkurransekraftv/ Adm.dir. Wärtsilä Norway Hans Petter Nesse Wärtsilä
09:30Framdrift for framtidav/ VP Business Development Torleif Stokke Servogear
09:45Vekstbedrift i det grøne skiftetv/ CEO Endre Eidsvik Zinus
10:00Kaffipause
10:30Varmepumpa Europa ventar påv/ Operation Manager Morten Hope Olvondo Technology
10:45Berekraft som drivar for teknologiutvikling i havbrukv/berekraftsdirektirektør Hanne Digre Scale AQ
11:00Frå elektrisk laks til superfersk foredlingv/utviklingssjef Simon Nesse Økland Bremnes Seashore
11:15Tankar frå NHOv/leiar Region Vestland Helene Frihammar NHO Vestland
11:30Lunsj