NAV avdeling Bømlo

Arbeidsmarknadsperspektiv

bilde

NAV inviterer til arrangementet Arbeidsmarknadsperspektiv 2023 - Sunnhordland.

⁠Arbeidsmarknaden i Sunnhordland går godt. Tilgongen på arbeidskraft er knapp. Då handlar det om å gjere seg attraktiv som arbeidsgjevar. Om du jagar rett kompetanse, lågare turnover, tryggare leiarar som tørr tenke utanfor boksen, betre og meir inkluderande arbeidsmiljø og/eller lågare sjukefråvær, kom til Stord kulturhus 9. mai og få eit utvida perspektiv på arbeidsmarknaden og korleis NAV kan hjelpe deg å bli en attraktiv arbeidsplass.

Under arrangementet vil NAV presentere resultata frå årets bedriftsundersøking, og samstundes sjå på arbeidsmarknaden i eit utvida perspektiv.

Frå scena treff du:

  • Ulf Andersen, statistikksjef i NAV: Refleksjonar kring arbeidsmarknaden og utanforskapen i Sunnhordland
  • Arve Kleppe, Verftsdirektør Aker Solutions AS Lokasjon Stord Verft: Mangfaldig rekruttering og inkluderande arbeidsliv
  • Ann-Kathe Løken, Seniorrådgjevar marknadsseksjonen i Arbeids- og velferdsdirektoratet: NAV i utvikling - korleis ser tenestene våre til arbeidsgjevar ut?
  • Helene Frihammer, Regiondirektør NHO Vestland: Korleis ruste seg for framtida?
  • Øyvind Urdal, Avdelingsdirektør NAV Arbeidslivssenter Vestland: Kva må til for å halde på folka dine?

Kom 9. mai og få eit utvida perspektiv på arbeidsmarknaden!

Påmelding ved å klikke på denne lenka.

Sjå alle hendingar