Medlem
Rysjedals serviceutleige - MS Venemøy
Vi kan tilby turer frå øy til øy med Venemøy, ein 15 m lang charterbåt med passasjerkapasitet på 38 passasjerar. I charterturer eignar den seg best frå 15-25. Venemøy har sjenkeløyve og tre salongar, der to av dei har god utsikt. Båten har i tillegg god dekksplass som gjev moglegheit for å nyte den vakre naturen frå dekk. I vakre Sunnhordland har vi fjordar, samlingar av holmar, attraksjonar og alt i alt ei nydelig og kanskje litt gløymd kystperle. Dette gjev oss eit hav av moglegheiter til å skapa gode og unike opplevingar saman med dykk. For oss er ingen tur for liten, og heller ingen for stor. Ta gjerne kontakt, og kom med dine forslag og ynskjer for turar. Vi på Venemøy skal prøve å skape ei fin oppleving som gjev dykk nye minner det er verdt å ta vare på. Vi gler oss til turar og opplevingar saman i vakre Sunnhordland.
- Kategoriar
- båttur
- hav
- øyrike
- opplevingar
- solnedgong
- sjenkeløyve
- charterbåt
- Taggar
- sjenkeløyve
- aktivitet
- opplevingar
- øyriket
- solnedgong
- havet
- chartertur