Hero image

Medlem

Rysjedals serviceutleige - MS Venemøy

Type of attraction icon
Type of attraction icon

Velkommen ombord i MS Venemøy, ein charterbåt med passasjerkapasitet på 38 personar. I charterturer eignar den seg best frå 15-25 passasjerar. Venemøy er 15 meter lang, og har tre salongar der to av dei har god utsikt. Ein har òg sjenkeløyve. Båten har i tillegg god dekksplass som gjev moglegheit for å nyte den vakre naturen frå dekk. Vi kan tilby turer frå øy til øy med Venemøy. I vakre Sunnhordland har vi fjordar, samlingar av holmar, attraksjonar og alt i alt ei nydelig og kanskje litt gløymd kystperle. Dette gjev oss eit hav av moglegheiter til å skapa gode og unike opplevingar saman med dykk. For oss er ingen tur for liten, og heller ingen for stor. Ta gjerne kontakt, og kom med dine forslag og ynskjer for turar. Vi på Venemøy skal prøve å skape ei fin oppleving som gjev dykk nye minner det er verdt å ta vare på. Vi gler oss til turar og opplevingar saman i vakre Sunnhordland.

Kategoriar
aktivitet
tur
båttur
Taggar
båttur
hav
charterbåt
øyrike
opplevingar
solnedgong
sjenkeløyve