Vedtekter

§ 1 Namn

Foreininga sitt namn skal vera Bømlo Næringsråd.

§ 2 Foreininga

Bedrifter, foreiningar, organisasjonar, institusjonar og einskildpersonar kan vera medlemmer i næringsrådet etter styret si godkjenning.

§ 3 Formål

Næringsrådet har som formål å fremja næringslivet sine interesser gjennom idèskapande og koordinerande verksemd. Hovudvekta skal leggjast på følgjande oppgåver:

  1. Vera eit kontaktorgan mellom næringslivet og styresmaktene. Arbeida aktivt for at styresmaktene i samarbeid med næringslivet kan leggja tilhøva til rette både for eksisterande og nye næringsverksemder.

  2. Driva PR-verksemd for å fremja ei positiv innstilling til næringslivet. Støtta opp om bedriftene si eiga PR-verksemd og marknadsføring.

  3. Fremja samarbeidet innan næringslivet i kommunen. Fremja kontakt og samarbeid med næringslivet utanfor kommunen.

  4. Fremja næringslivet si konkurranseevne ved å stimulera til samarbeid mellom bedrifter.

  5. Fremja og samordna undervisning og etterutdanning, m.a. gjennom samarbeid med skuleverket.

  6. Arbeida aktivt for å betra kommunikasjonane innan og ut or kommunen.

§ 4 Medlemskap

Bedrifter, foreiningar, organisasjonar, institusjonar og einskildpersonar kan vera medlemmer i næringsrådet etter styret si godkjenning.

§ 5 Finansiering

Finansieringa skal skje ved medlemspengar, kommunale og andre offentlige tilskot, private bidrag og honorar for spesielle oppdrag.

§ 6 Styringsorgan

Næringsrådet sine styringsorgan er :

  1. Årsmøtet
  2. Styret
  3. Valkomite

§ 7 Årsmøtet

Årsmøtet er næringsrådet sitt høgste mynde. Årsmøtet skal haldast innan utgongen av mars månad.

Driftsåret fylgjer vanleg rekneskapsår 01.01-31.12. Det skal kallast inn til årsmøte med minst 4 vekers varsel.

Årsmelding, godkjend rekneskap og budsjettforslag saman med saksliste skal sendast medlemmene seinast ei veke før møtet.

Årsmøtet skal leiast av styreleiar, eller når han er borte, av nestleiar. Det skal førast protokoll frå årsmøtet.

Årsmøtet skal behandla følgjande saker:

  1. Årsmelding
  2. Rekneskap
  3. Budsjett og medlemspengar for neste år
  4. Val av:
  • Styremedlemmer -Varamedlemmer -Leiar og nestleiar
  • Valnemnd
  1. Ev. vedtektsendring
  2. Innkomne saker

Saker som skal behandlast av årsmøtet må vera innkomne til styret innan 4 veker før årsmøtet.

Berre medlemmer som har betalt medlemspengar for siste året, har stemmerett.

Kvar medlem har ei stemme. Ved stemmelikskap er formannen si stemme avgjerande.

Ekstraordinert årsmøte skal innkallast når styret ynskjer det eller når minst halvparten av medlemmene krev det.

§ 8 Styret

Styret er samansett av 5 medlemmer og 2 varamedlemmer, som alle er valgt av årsmøtet. Funksjonstida for alle styremedlemmene er 2 år. Leiar og nestleiar i styret skal veljast frå styre av årsmøtet for 1 år om gongen. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og 2 andre styremedlemmer er tilstade. Ved stemmelikskap er leiaren si stemme avgjerande. Styret skal sørgja for at næringsrådet til ei kvar tid har eit tilfredsstillande sekretariat. Det skal førast protokoll frå styremøta, og alle andre møte rådet deltek i. Rekneskap skal førast av autorisert rekneskapsbyrå. Styret skal føreslå valkomite til årsmøtet.

§ 9 Valnemnd

Årsmøtet vel ei valnemnd på 3 medlemmer. Valnemnda skal til årsmøtet foreslå styremedlemmer med varamedlemmer. Funksjonstida for valkomiteen er 1 år. Valnemnda skal leggja vekt på å foreslå medlemmer som gir styret med varamedlemmer geografisk og næringsmessig spreiing.

§ 10 Medlemsmøter

Det skal haldast 2 medlemsmøter kvart år. Eit av desse møta kan vera årsmøtet.

§ 11 Vedtekstsendringar

Forslag til endring i vedtektene skal setjast fram skriftlig til styret innan 4 veker før årsmøtet. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøte som har stemmerett.

§ 12 Utmelding

Utmelding av Bømlo Næringsråd skal vera skriftlig til styret med 6 månaders varsel og gjeld frå første årsmøte.

§ 13 Oppløysing

Næringsrådet kan vedtakast oppløyst av årsmøtet/ekstraordinært årsmøte. Ved vedtak om oppløysing skal årsmøtet avgjøra korleis ein skal nytta næringsrådet sine midlar og fond. Avstemming skjer etter same regler som for vedtektsendringer.

  • Adresse:
    Bømlo Næringsråd
    c/o Heidi I. Vespestad Halleraker
    Bremnesvegen 880
    5420 Rubbestadneset
  • Telefon: 95 81 99 60
  • Epost: post@bomlonr.no
hending
hending
IT-kurs haust 2017

Copyright

© 2015 l bomlonr.no l web av bryggenresearch.no