Stipend

Stipend

Bømlo Næringsråd deler eit ut eit stipend til ungdomsbedrifter for å motivera og oppmuntra til auka satsing på entreprenørskap og innovasjon blant ungdom. Ein kan søkje om stipend ved å sende ein epost til post@bomlonr.no. Søknaden skal innehalda

  • Framstilling av forretningside
  • Økonomi
  • Marknad
  • Informasjon om skulegründeren/ungdomsbedrifta

Ein kan få tildelt inntil kr. 3000,- pr prosjekt.

Stipendet vart etablert på Rubbestadneset 27.8.2015. Vedtektene var revidert 7.10.2015

Vedtekter

§ 1 Bakgrunn

Stipendet er oppretta av Bømlo Næringsråd for å motivera og oppmuntra til auka satsing på entreprenørskap og innovasjon blant ungdom.

§ 2 Forvaltning av stipendet

Stipendet skal forvaltast av Bømlo Næringsråd med kontorkommune Bømlo.

§ 3 Stipendet sitt føremål

Stipendet sitt føremål er å stimulera og inspirera til auka satsing på entreprenørskap i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Stipendet skal motivera til auka fokus på innovasjon blant yngre skulegründerar.

Målgruppa er ungdomsskulen, 1.,2. og 3. trinn på Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregåande skule. Stipendet skal hjelpa skulegründerane med midlar til oppstart og utvikling av ide og produkt.

Det kan tildelast stipend på inntil kr. 3000,- pr. prosjekt.

§ 4 Stipendet sin grunnkapital

Stipendet er etablert med ein grunnkapital på NOK 50 000. Stipendet sitt kapitalgrunnlag kan seinare aukast ved nye bidrag frå Bømlo Næringsråd.

§ 5 Styring av stipendet

Stipendet skal tildelast etter vedtak frå styret i Bømlo Næringsråd.

§ 6 Kriterium for stipendmidlane

  • Ideen må ha nyskapande element i seg
  • Det skal vektleggast positivt om ein ide er tufta på sosialt entreprenørskap

Tildelinga kan kunngjerast i media eller nyhendebrev dersom det er naturleg.

§ 7 Vilkår for utbetaling av stipendmidlar

Skulegründer forvaltar tilskotet i sin heilskap. Tilskotet skal i hovudsak nyttast til produktutvikling, marknadsundersøking og marknadsføring.

§ 8 Søknad om stipend

Stipendet vert informert om ved alle skular i Bømlo. Søknaden skal vera skrifteleg og skal handsamast av styringsgruppa for stipendet. Det skal gjevast skrifteleg svar til søkjar etter handsaming.

Søknadsfristen er 1. november.

§ 9 Innhald i søknaden

Søknaden skal innehalda:

  • Framstilling av forretningside
  • Økonomi
  • Marknad
  • Informasjon om skulegründeren/ungdomsbedrifta

§ 10 Kontaktinformasjon

Søknaden skal sendast til Bømlo Næringsråd på e-post: post@bomlonr.no. Bømlo Næringsråd kan gi ytterlegare informasjon om stipendet.

  • Adresse:
    Bømlo Næringsråd
    c/o Heidi I. Vespestad Halleraker
    Bremnesvegen 880
    5420 Rubbestadneset
  • Telefon: 95 81 99 60
  • Epost: post@bomlonr.no
hending
hending
IT-kurs haust 2017

Copyright

© 2015 l bomlonr.no l web av bryggenresearch.no