Ungdomsskuleelvar i praksis

bilde
Foto: Kenny Eliason on Unsplash

Å gje elevar praksis og innsyn i korleis arbeidslivet er, er svært viktig. No kjem ein unik moglegheit til å vise fram yrker på arbeidsplassen din, til framtidige tilsette, når elevar ved ungdomsskulane på Bømlo skal ut i arbeidspraksis i midten av mars. Elevane ringer rundt til bedrifter dei neste vekene, og kanskje ringer dei nettopp deg og di bedrift og høyrer om moglegheita for å hospitere nokre dagar.

- Elevane ved ungdomsskulane i Bømlo hospiterer i skule og bedrift, både på 9. og 10. trinn. Det kan difor hende di bedrift i løpet av dei neste vekene får ein telefon, eller eit besøk frå ein ungdom i 10. klasse som ynskjer å vere utplassert hos dykk. Me håpar de synest dette er verdifullt, og at arbeidsplassen ønskjer å ta i mot dei, seier rådgjevar Tina Totland Røyrvik ved Bremnes Ungdomsskule. Det er ho, saman med rådgjevarane Brith Aslaug Hindenes frå Hillestveit skule og Hildegunn Sortland ved Moster skule, som følgjer opp dette med hospitering.

- Hensikta med hospiteringa er at eleven skal få praktisk erfaring med yrkeslivet ved å anten gjennomføre arbeidsoppgåver eller følgje ein vaksen person på hans/hennar arbeidsplass gjennom to til tre dagar. Den vaksne skal så langt som mogleg utføre sine arbeidsoppgåver normalt, eller gi passande arbeidsoppgåver, slik at eleven får eit mest mogleg realistisk inntrykk av yrket og av arbeidsplassen, fortel Røyrvik.

Hospiteringsperioden denne våren er i veke 43 og 44. Eleven er i denne perioden under skulen sitt ansvar, og er såleis ikkje å forstå som arbeidstakar etter arbeidsmiljølova § 1-6, 11,1 og 11,2. Kommunen si ulykkesforsikring gjeld i opplæring i arbeidslivet.

Elevane skal gjere ein del forarbeid og etterarbeid i samband med hospiteringa. Arbeidet skal innehalde opplysningar om bedrifta, yrket, utdanningar og om kompetansen i det aktuelle yrket. Me vonar de er positive til å bidra med opplysningar dersom eleven ber om det.

Sjå alle nyhende