Rekoringen Sunnhordland startar utlevering på Bømlo
Endeleg er REKO-ringen Sunnhordland klar for å prøva utlevering av førehandstinga mat frå regionen på Bømlo! To av medlemsbedriftene i Bømlo Næringsråd, Sikje Småbruk og Bakstehuset på Spissøy, sel varer gjennom samarbeidet, og ser no fram til at bømlingar kan hente deira og samarbeidspartnarane sine produkt lokalt.
REKO-ringen Sunnhordland er ei gruppe på Facebook, der lokale produsentar legg ut annonsar på produkt dei har for sal. Der førehandstingar ein produkta ein ønskjer direkte frå produsent, og hentar på utleveringsstad. Dette er ein del av reko-konseptet, gjer forutsigbarheit hos produsentane, samt hindrar matsvinn. Produsentar og vareutval kan variera ut i frå sesong og tilgjengeligheit.
No vert det altså utleveringsstad på torgplassen utanfor Bømlo Storsenter, annakvar onsdag frå kl 18.45 - 19.05. Første hentedag er onsdag 23. februar.
Kjenner du nokon som burde høyra om dette, spre det glade bodskap ved å dela gruppa med dei.
Velkommen til å handla gode lokale matvarer, og takk for at nettopp du støttar norsk og lokal matproduksjon!