Sette reiselivs-Bømlo på dagsorden

bilde
Foto: Randi Olsen

Torsdag ettermiddag var eit knippe representantar for reiselivsverksemdene på Bømlo samla for å sjå litt tilbake, men mest for å drøfta framtida og samarbeid. Bømlo næringsråd inviterte.

Bømlo hotell, som eit viktig reiselivstilbod i Bømlo, var eit naturleg samlingspunkt torsdag ettermiddag då Bømlo næringsråd (BN) inviterte reiselivsaktørar til samling. Etter at torsdagskomla var vel fortært, ynskte dagleg leiar Nina Ingvaldsen velkommen til samlinga. Ho gjekk gjennom kva næringsrådet har sett på agendaen for reiselivssatsing, tema for drøfting og diskusjon etter innleiingane der samarbeid, utfordringar og styrking av Bømlo som reisemål stod på agendaen. Kva kan næringsrådet hjelpa med, til dømes for å få etablert
fleire reiselivstilbod i kommunen? 

Unik skjergard

Dagleg leiar Stian Rysjedal i MS Venemøy var førstemann ut blant innleiarane. Han fortalde om cruisebåten sin M/S «Venemøy» der han kan ha opp mot 30 passasjerar om bord. Rysjedal tok føre seg opplevingar til sjøs, kva har Bømlo å tilby på den fronten? Rysjedal hadde forventningar til næringsrådet som ein samlande part, mellom anna ved at BN inviterer til samlingar. Han nemnde også etter foredraget at BN har viktige kanalar og nettverk som kan vera viktige for reiselivsaktørane for å nå ut og til å henta informasjon. 

I føredraget kom han inn på den vakre skjergarden i Sunnhordland, og rundt Bømlo spesielt som han meiner er unik. – Fiskarar som har vore med meg på turar med «Venemøy» har vore overraska over kor vakkert det er. Dei har gjerne ikkje tenkt på naturen når dei har vore på jobb, sa han mellom anna, og oppmoda deltakarane til å bli flinkare til å heia kvarandre fram og løfta kvarandre opp. 

Breidde og variasjon

Moster Amfi er ein naturleg aktør i reiselivet på Bømlo, og dagleg leiar Nina Meldahl Olsen fortalde engasjert om kva som skjer på Moster. Ho viste til at Moster Amfi og området rundt har mange kvalitetar som gjer Moster Amfi mange bein å stå på. Ho viste til kulturarven rundt amfiet, med den nasjonal historia kring Moster gamle kyrkje. Utstillinga frå Heidendom til Kristendom som no er pussa opp, og der dei kan drive formidling både for skuleklassar og gjestande turistar. Geoparkportalen har inngang på Moster, Mostraparken er under utvikling, kafeen har fått ein sårt tiltrengt oppgradering og ho ynskjer å fylle Moster Amfi med kulturarrangement. Eit samarbeidsprosjekt mellom amfiet og MS Venemøy er i kjømda, der ein tur frå Moster, gjennom kanalane våre og til vestsida og øyane der, er eitt av dei komande tilboda frå Moster Amfi. Også Meldahl Olsen tenkte samarbeid med andre bedrifter, og oppmoda om å løfta kvarandre fram og opp. 

Mange slags turistar

Marius Økland representerte Kulleseidkanalen gjestehamn. Også dei håpar på eit betre år i år enn dei hadde i fjor. Då tok pandemien mykje av merksemda, og verken sommarsesongen eller julebordsesongen vart slik dei hadde håpa.

Økland var også oppteken av samarbeid på tvers av aktørar og aktivitetar og minna om at turistar er ei like variert gruppe som andre folk. - Det finst geoturistar som er interesserte i geologi (dei steingalne), det kjem gourmetturistar som er opptekne av lokale mattradisjonar og –rettar, det kjem bubilar med trekkspelentusiastar,
det kjem familiar med barn som berre ynskjer seg mest mogeleg iskrem og ein lekeplass og det kjem kulturinteresserte turistar, sa han og la til at dei sender folk både til Moster Amfi og til Gullgruvene, alt etter som. 

Han etterlyste kommunen i denne saka, og det må opprettast fleire
overnattingstilbod. Folk vil bu på hotell, dei vil overnatta ute, med telt
eller i rorbuer. Turistar har ulike behov. Økland var også oppteken av
samarbeid mellom aktørane, og framsnakking og å heia på kvarandre.

Rorbuturisme

Paul Jørs representerte rorbu-turismen på Bømlo ved Aasheim rorbuer og tok føre seg alle fordelane ved rorbuferie på Bømlo. Det er ikkje få. Ein tredjedel er fisketuristar frå Tyskland og mellom-Europa, medan resten er alt mogleg anna, frå familiar til venegjengar og arbeidsfolk som ønskjer å komme nær naturen, og søkjer ro og fred ved sjøkanten. Dei har hatt godt belegg i 2021, mykje på grunn av den store aktiviteten i næringslivet på Bømlo. Men også fisketuristar har funne vegen til rorbuene ved Innværfjorden. Jørs var også oppteken av at turistar er mangfald, og at dei er interesserte i å oppleva Bømlo. 

Turistvert i ein månad

Sist ute blant føredragshaldarane var Heidi Laurhammer, turistvert. Ho opplyste at turistinformasjonen flytta frå Bømlo rådhus til kulturhuset for to år sidan, for å få lengre opningstider. Ho etterlyste mellom anna informasjon frå reiselivsaktørar i heile kommunen om tilboda som finst, oppdaterte brosjyrar, informasjonskart osb., for å visa til turistar som var innom.

Kommunen har sett av midlar til turistvertoppgåva i juli månad, men det er ikkje midlar til å førebu informasjonsgrunnlaget ein turistvert treng. I fjor lanserte næringsrådet nettstaden Opplev Bømlo, og denne var til god hjelp. Men det er behov for meir informasjon.

Som turistvert etterlyste ho ansvarlege kontaktpersonar som eig turistinformasjonen utanfor sesongen. Helst burde turistinformasjon ha eit eige årsverk som kan jobbe gjennom året med planlegging og oppdatering. – Dette vil vere viktig for å sikre god, rett og nok informasjon til gjestene som kjem, slutta ho. 

Gruppediskusjonar

Siste delen av samlinga var sett av til gruppediskusjonar blant deltakarane for å få ei felles forståing for utfordringar og kva som kan gjerast for å løyse dei i fellesskap, og ved godt samarbeid. Her kom innspel om meir og betre skilting og informasjon i heile kommunen, meir oppdateringar på sosiale medium gjennom året, oppdaterte brosjyrar, eit felles turistkart, utarbeiding av pakkar for kva ein kan oppleve på Bømlo om ein er på besøk i ein, to eller tre dagar, arbeid
med merkevarebygging av Bømlo som reisemål, vidare utvikling av Opplev Bømlo og sist, men ikkje minst, styrking av det regionale samarbeidet.

For å lukkast med alt dette, treng reiselivsnæringa hjelp frå kommunen og støtte til å finansiere ein stilling som reiselivskoordinator, som kan vere med å få plass denne infrastrukturen som skal til for at reiselivsnæringa skal kunne vekse og utvikle seg i kommunen, og med dette vere med å styrke Sunnhordland som reiselivsdestinasjon.

Bømlo Næringsråd har sett reiselivet høgt oppe på lista over oppgåver som BN skal prioritera, og tek med seg alle dei gode og viktige innspela frå samlinga vidare. 

Sjå alle nyhende