Nominer din kandidat til Næringsprisen 2023
Bømlo Næringsråd vil på årsmøtet i år dele ut ein næringspris til ei bedrift som har utmerka seg. Les meir om prisen her, og korleis du går fram for å nominere din kandidat for Næringsprisen 2023!
Næringsprisen er meint som ein inspirasjon til næringslivet i kommunen, og skal vera eit heidersteikn til verksemda som mottek prisen. Prisen skal tildelast ei verksemd som har utmerka seg, og alle kan komma med framlegg til kandidatar.
Napier sponsar Næringsprisen 2023
Juryen består av styret til Bømlo Næringsråd og ein representant frå den som sponsar næringsprisen, som i år er Napier. Det er nokre kriteriar knytt til tildelinga. Mellom anna må verksemda må vere medlem i Bømlo Næringsråd, drive næring med kontoradresse i Bømlo kommune, ha vore i drift i minst eitt år, og ha levert årsrekneskap.
Kriteriar
Næringsprisen 2023 vert tildelt ei bedrift som scorar høgt på eitt eller fleire punkt under:
- Utmerka seg innan eit område
- Skapar positivt omdømme for Bømlo
- Viser evne til omstilling og/eller nytenking
- Skapar nye arbeidsplassar og/eller byggjer ny kompetanse og/eller nye produkt/teknologi
- Har god serviceinnstilling
- Sterkt fokus på berekraft og miljø
- Har levert ein ekstraordinær innsats eller presentasjon i året som gjekk
Grunngjeve framlegg på kandidatar sender du til innan 15. mars til: post@bomlonr.no. Skriv "Næringsprisen 2023" i emnefeltet.
Om prisen
Prisen er ei gåve laga av ein lokal kunstnar, og som kan hengjast på veggen til bedrifta som vinn. Den skal vere laga av ei medlemsbedrift til Bømlo Næringsråd, og i år er det Atelier Lysstrand som lagar prisen. Utdeling av prisen skjer på årsmøtet til Bømlo Næringsråd, som er 11. april på Kulleseidkanalen Gjestehamn.