Kvinnelege leiarar i våre medlemsbedrifter
Det er mykje snakk om kvinner i leiande stillingar og i styrerom om dagen. Me har teke ein kjapp gjennomgang av medlemsbedriftene til Bømlo Næringsråd, og har gjort følgjande opptelling på sjølvaste kvinnedagen.
Av næringsrådet sine 209 medlemsbedrifter, har 76 bedrifter ein dagleg leiar som er kvinne. Me finn dei innan 15 av dei 23 næringsområda me har medlemsbedrifter innan, og til saman leier dei omlag 1 400 årsverk. I praksis betyr det at kvinner leier 41 % av alle årsverk me har registrert for våre medlemsbedrifter.
Me har kvinnelege leiarar innan bygg og anlegg, økonomi og finans, havbruk, fiskeri, teknologiutvikling, helse og trening, eigedom, investering, offentlege tenester, maritim næring, produksjonsbedrifter, arbeidsinkludering, reiseliv, utdanning, kunst og kultur, rådgjeving og sist – men ikkje minst – handel og service. Fleire av dei kvinnelege leiarane eig i selskapet dei driv, og sit og i styret selskapet, eller i andre styrerom.
Bømlo kommune kjem i tillegg
I tala over har me halde leiarar i Bømlo kommune utanfor. Bømlo kommune har 830 årsverk, og 71 % av deira leiarar er kvinner. Det er altså svært mange dyktige damer som leier dei ulike tenesteområda og avdelingane som leverer gode tenestetilbod til innbyggjarane våre.
Treng du ei dyktig dame i styrerommet ditt?
Me i næringsrådet er stolte av alle dei flotte kvinnene og rollemodellane me har blant medlemsbedriftene våre. Og treng du ei dyktig dame til styrerommet ditt? Ta gjerne kontakt med oss – me har eit overblikk over dyktige damer med ulike kompetanse der ute, som kan vere med å løfte ditt selskap framover gjennom styredeltaking. Og er du kvinne og kan tenkje deg nye utfordringar i eit styrerom? Gje oss eit vink, og kva kompetanse du har, så veit me om deg når nokon spør.
Gratulerer med dagen til alle dyktige damer der ute – leiarar, tilsette og alle i hop!