Jakta på dei rette folka
Korleis er det å få tak i folk til eit verdsleiande offshore-reiarlag ute i distriktet? Bømlo næringsråd tok ein prat med HR-Sjef Erling Lodden, for å finne meir ut om dette.
Eidesvik Offshore er eit reiarlag som er verdsleiande på grøn teknologi om bord på sine skip. I desse dagar held dei påmed prosjektet Ship FC, der dei saman med fleire industriaktørar, skaldemonstrere at det er mogleg å reiselange avstandar med offshorefartøy, utan utslepp, ved hjelp av brenselcelle og grøn ammoniakk.
- Om ein tek offshorenæringa, så skjer det svært mykje spennande, både innan O&G og det grøne skiftet. For folk som er interessert i teknologiutvikling, er Eidesvik ein spennande plass å vere, og dei søkjer seg hit på grunn av arbeidsoppgåvene, fortel Lodden.
– Prosjekt som Ship FC, og det nye Aker Retrofit-prosjektet, der me ser på ulike løysingar for å få ned utslepp frå skip, er døme på prosjekt som gjer at me tiltrekkjer oss folk, fortel Lodden. – Når det gjeld mannskap til skip, så er det nok lettare å få tak i offshore-arbeidarar på Bømlo og i Sunnhordland, enn det er i byane, då me er i episenteret for tung driftskompetanse til slike skip her i regionen.
Globalt selskap
Eidesvik er eit globalt selskap, som arbeider over heile verda. Mexico, UK og Brasil er land dei er til stades i, i tillegg til Noreg. Det er 8 ulike nasjonalitetar tilsett i selskapet, og kundane er internasjonale.
- Arbeidsmarknaden generelt går litt opp og ned, men me merkar at kampen om dei beste folka på sjø, no drar seg til etter nokre nedgangsår. Maskinistar og matrosar er vanskeleg å få tak i, men me ser heldigvis at søkjartala til maritim utdanning er god, og at mange ønskjer seg inn i næringa.
Det er mange aktørar i ulike næringar som kjempar om same kompetanse, innan transport, havbruk og fiskeri. – At det er konkurranse om dei same hovuda, aukar attraktiviteten i utdanninga, og gjer at aktørar som me i Eidesvik må skjerpe fokuset ytterlegare, seier Lodden. - I tillegg har me fokus på å byggje selskapet ut frå grunnleggjande prinsipp om organisk vekst. Me tek ofte inn yngre, nyutdanna folk, som me lærer opp i organisasjonen. Og i forhold til storleiken til selskapet, så er me blant dei aktørane som tek inn flest lærlingar, fortel Lodden stolt.
Kompetanse som til tider har vist seg å vere utfordrande å få tak i, er tyngre administrativ kompetanse. Men her har det vist seg enklare å få tak i folk i regionen seinare år, så det opplever me som positivt. Me går alltid bredt ut med våre stillingar nasjonalt, for å sjå om det er folk som kan tenkje å flytte på seg. For det er eit potensiale å tiltrekkje seg folk utanfrå, om det er snakk om rette arbeidsplassen, seier Lodden.
Verdival å flytta til Bømlo
Å flytte til Bømlo, gjerne frå ein større by, kan sjåast på som eit verdival, der ein vel å ha meir tid til familie, vener og fritidsaktivitetar, og kan tilby ungar eit anna oppvekstmiljø, tettare på naturen, enn det ein kan i ein by. - Det er kanskje det som er litt unikt med Bømlo, seier Lodden, at me kan tilby spanande karrieremoglegheiter samstundes som ein kan få eit rolegare liv og meir fokus på dei grunnleggjande verdiane i livet.
- For å få folk til å flytte hit, så vil det vere interessant å lage nokre pakkeløysingar klare som kan brukast i rekrutteringsarbeidet, som gjer at det vil vere interessant å flytte nettopp hit. Pakkeløysinga bør bestå av mellombels bustad for å prøve ut staden, byggjeklare tomter med nausttomt / båtfeste, og der ein har eit godt samarbeid med andre bedrifter i regionen for å finne arbeid til eventuell partner som blir med på lasset. Gode barnehagar og skular har me, og eit fantastisk rikt og variert fritidstilbod, så her er det mykje som allereie ligg til rette. I tillegg burde me sett på moglegheita til å få på plass ei fadderordning for å inkludere tilflyttarar til bygda – både for vaksne og born, slik at dei blir tatt med på det som skjer i området.
- Og så må me bli flinkare på å framsnakke staden me bur på og kommunen me bur i, og heie på kvarandre. Framsnakke det som er bra, og arbeide saman om det som kan bli betre. Me har i alle fall alle føresetnader på plass for å vere ein kommune i vekst, avsluttar Lodden.