Høyringssvar om senterstruktur, kommuneplanen sin arealdel (KPA)
Bømlo Næringsråd har gjeve innspel på kommuneplanen sin arealdel med fokus på senterstruktur i Bømlo kommune. Høyringssvaret vårt kan du lese her:
I 2023 gjekk 36 bedrifter saman om å utarbeide ein tilflyttarstrategi til Bømlo. Årsaka er kort oppsummert at bedriftene treng meir kompetanse som flyttar til Bømlo, og blir verande. Det er stadsutviklingsselskapet LÉVA Urban Design som har utarbeida tilflyttarstrategien, og Bømlo Næringsråd har vore fasilitator for arbeidet lokalt.
Tilflyttarstrategien er mellom anna tydeleg på at attraktive lokal- og kommunesenter er viktige for tilflytting, og det å halde på tilflyttarar. Strategien gjer difor og klåre tilrådingar om kva som skal til for å lukkast med å utvikle attraktive lokal- og kommunesenter i vår kommune, og peikar samstundes på at attraktive senter med god funksjonsblanding, vil gje gode rammevilkår for våre handel- og servicebedrifter.
Basert på kunnskap og innspel frå tilflyttarstrategien, og innspel frå stadsutviklingsselskapet LÉVA Urban Design, gjer me her vårt høyringssvar på senterstruktur i Bømlo kommune, for å sikre tilflyttarar og kompetanse til våre medlemsbedrifter, og samstundes legge tilhøva best mogleg til rette for bedrifter innan handel og service etablert i senter i vår kommune.
Attraktive, levande senter gjennom utvikling og styrking av urbane kvalitetar
Fleire av sentra på Bømlo i dag er bygd opp som bilbaserte logistikknutepunkt. Her er tilrådingane frå LÉVA Urban Design om å gå frå praktiske logistikkpunkt med handel- og service, til å vere attraktive sentrum å besøkje og opphalde seg i, med attraktive møtestader både inne og ute, og ein god miks mellom valfrie tilbod (klede, skobutikk, osb.), naudsynte tilbod (arbeidsplassar, matbutikk) og offentlege tilbod (barnehage, skule, helse, osb.).
I kunnskapsgrunnlaget til tilflyttarstrategien står det òg at «Nyere forskning fremhever at tilflyttere til distriktet oftere og oftere etterspør en kombinasjon av urbane og landlige kvaliteter (Ruud et al., 2014). Dette kan være særlig viktig for å klare tiltrekke seg unge voksne og kvinner (Distriktssenteret, 2020).» Tilflyttarstrategien peikar difor på, at skal Bømlo lukkast med å tiltrekkje fleire unge vaksne og kvinner, må kommunen arbeide systematisk med å utvikle og styrkje sine urbane kvalitetar.
Urbane kvalitetar handlar mellom anna å skape fysisk attraktive omgjevnader for å tiltrekkje seg folkeliv. Lukkast ein med å utvikle urbane kvalitetar, vil ein då samstundes legge til rette for gode rammevilkår for næringslivet, og særleg handel- og servicenæringa og dei valfrie tilboda nemnt ovanfor, då urbane senter aukar sannsynet for at folk spontant stikk innom og handlar.
Det er særs viktig at det kjem tydeleg fram i føresegnene i KPA-en til Bømlo kommune, at funksjonar som bidrar til å utvikle urbane kvalitetar i eit senter, ikkje vert lagt i senteromland eller utanfor dette, men plassert i sentrumskjerna i lokal- og kommunesenter. Plassering geografisk nær, men utanfor sentrumskjerna, vil forringe moglegheita til å skape levande sentrum, noko me opplever i både kommunesenter og fleire lokalsenter i dag. Arbeid med å lage utandørs møteplassar, frå leikeplassar til parkanlegg, bør difor skje i sentrumskjerna i lokal- og kommunesenter, i tillegg til utvikling og etablering av valfrie, naudsynte og offentlege tilbod.
Det bør òg snarleg startast arbeid med områdeplanar for lokal- og kommunesenter, som sikrar at valfrie, naudsynte og offentlege funksjonar har ei god funksjonsblanding i sentrumskjerna, sett opp mot utvikling av tenlege bustader i og rundt lokal- og kommunesenter. Næringslivet på Langevåg har allereie finansiert eit større arbeid med å utvikle eit kunnskapsgrunnlag og moglegheitsstudie for lokalsenteret deira, som kan brukast som innspel rett inn i ein områdeplan. Me tilrår difor at arbeid med områdeplan på Langevåg bør ha prioritet, saman med kommunesenteret der størstedelen av handel- og servicenæringa er etablert.
Kommunesenter dimensjonert etter folketal
I kunnskapsgrunnlaget til KPA-en og «Vedlegg. Senterstruktur i Bømlo kommune», peikar ein innleiingsvis i kunnskapsgrunnlaget på fylket sin regionale plan for attraktive senter, og at «kommunane må utarbeide ein senterstruktur i kommunen som er tilpassa lokale tilhøve».
LÉVA Urban Design peikar i sine presentasjonar av tilflyttarstrategien på at kommunesenteret i Bømlo er geografisk like stort som Stavanger sentrum. Stavanger sentrum vert opplevd som urbant, og inneheld ein miks og mangfald av tilbod og funksjonar, og har om lag 147 000 innbyggjarar i kommunen, og er regionssenter for Nord-Jæren. Bømlo med sine ~12 000 innbyggjarar har ikkje same kundegrunnlag og kritisk masse til å oppretthalde like mange varierte tilbod og fortetting som Stavanger innan tilsvarande sentrumsavgrensing.
Ei sentrumsavgrensing for kommunesenteret som skildra i «Vedlegg. Senterstruktur i Bømlo kommune», er alt for omfattande til å kunne vidareutviklast til eit attraktiv og levande sentrum i Bømlo kommune. Me ber om at arealet vert justert ned, for å kunne utviklast betre framover, med mål om eit fysisk attraktivt miljø og oppleving av folkeliv. Dette vil gje betre føresetnader for handel og servicenæringa, og då særleg dei valfrie tilboda, og auke attraktiviteten til Bømlo som stad å bu.
Ein fleirkjerna struktur for kommunesenteret
På Bømlo er det opp gjennom åra gjort val, som gjer eit svært stort sentrumsareal i kommunesenteret. Plassering av nær alle pedagogiske funksjonar på Leite, og etableringa av HSD-senteret, har vore med å spreie funksjonane i Svortland sentrum, og skapt ulike tyngdepunkt: 1) Eitt med miksa funksjonar (handel, kultur, helse, rekreasjon, trening) rundt Bømlo Storsenter, 2) eitt for transport og kommunale tenester (busstasjonen, helsestasjonen og området rundt), 3) eitt med pedagogiske funksjonar og idrett (Leite) og 4) eitt for handel og helse (HSD).
Det er viktig at ein framover arbeider målretta for å utvikle eit attraktivt og levande kommunesenter i Bømlo kommune, der ein kan oppleve urbane kvalitetar, fysisk attraktive miljø og folkeliv, utan å redusere kvaliteten på etablerte tyngdepunkt. Me har difor drøfta korleis dette kan løysast med LÉVA Urban Design, og fått tilråding frå dei, basert på deira faglege kunnskap, og ikkje minst arbeid dei har gjort for andre kommunar.
LÉVA Urban Design tilrår ein fleirkjerna struktur for kommunesenteret, kor ein sikrar gode gangforbindingar mellom tyngdepunkta som finnes (1), 2), 3), 4)), og utpeikar eitt hovudtyngdepunkt. LÉVA peiker på at hovudtyngdepunket bør vere området rundt Bømlo Storsenter, og opp mot gamlebanken, Jernia og torget ved Gullsmio (1)). Her finn ein størst miks av funksjonar, område med historisk verdi, samt symbolske og identitetsskapande funksjonar/bygg, som kyrkje og kulturhus, i tillegg til eit flott parkanlegg ned mot Storavatnet. Dette vil vere med å legge dei juridiske rammene som vil kunne generere ei utvikling som fører til ei meir kompakt og tettare urban setting i sentrum, som vil vere ein kvalitet for heile Bømlo kommune.
Me i Bømlo Næringsråd ber difor om at ein i KPA-en, inkludert «Vedlegg. Senterstruktur i Bømlo kommune», legg opp til ein fleirkjerna senterstruktur i kommunesenteret, kor ein sikrar gode gangforbindingar mellom tyngdepunkta som er etablert, og utpeikar området rundt Bømlo Storsenter, og opp mot gamlebanken, Jernia og torget ved Gullsmio som hovudtyngdepunkt.