Høyringsinnspel til planprogrammet for KPS

bilde
Foto: Frå framsida på planprogram KPS - Bømlo kommune

Bømlo kommune skal revidere kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS). I samband med dette har det blitt utarbeida eit planprogram som er ute til høyring fram til 8. januar. Bømlo kommune har fått med mange viktige og gode poeng i planprogrammet som er ute til høyring. Bømlo Næringsråd har nokre punkt til nokre av dei sentrale tema i planen, og har utarbeida eit innspel til høyringa. Høyringssvaret kan de lese her.

Bømlo Næringsråd ønskjer å gje innspel til planprogrammet for revidering av KPS. For næringslivet på Bømlo er det viktig at det blir lagt til rette med alt frå næringsareal og infrastruktur, til tiltrekking av kompetanse, inkludert arbeidsplassar, mobilitet, inkludering, destinasjonsutvikling, sentrumsutvikling og bustadutvikling. Under følgjer våre innspel, knytt opp mot overskriftene i planprogrammet.

3.4. Generasjonsvenlege, inkluderande lokalsamfunn
⁠Eit generasjonsvenleg samfunn skal vere for alle, også unge. Framover kjem Bømlo kommune til å få ei eldre befolkning. Dette gjev moglegheitar mellom anna med tanke på frivilligheit. Byrda på forsørgjarar aukar kjem til å auke i takt med at det blir fleire eldre og færre yngre i kommunen. Eit sentralt mål blir å at befolkninga i alle generasjonar skal ha best mogleg helse. Inkludering – både fysisk og digitalt – i både arbeidsliv og fritid, må og bli eit gjennomgåande og tverrsektorielt tema framover. Yngreomsorg kan bli eit like sentralt omgrep som eldreomsorg

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Bømlo Næringsråd synes det er flott at inkludering er høgt på agendaen i Bømlo kommune. Me vil i tillegg løfte fram inkludering av tilflyttarar, og inkludering av innbyggjarar i overgangar i livet. Dette meiner me er viktige tema i KPS-en, då næringslivet i dag opplever å miste tilflytta kompetanse som følgje av for lite strukturert arbeid med inkludering på desse områda.

Bømlo Næringsråd ber elles om at ein inkluderer dette med betre tilrettelegging for mobilitet som del av generasjonsvenlege og inkluderande lokalsamfunn. Det er i dag krevjande å flytte seg rundt i kommunen utan eigen bil, og me ser at dette skapar utfordringar òg for arbeidslivet. I tillegg, hadde me hatt betre mobilitet inn/ut av kommunen vår, ville fleire kunne budd på Bømlo og dagpendla til dømes til Bergen eller Stavanger. Dette ville utvida arbeidsmarknaden for bømlingen, og til dømes gjort det enklare med jobb til to.

3.7. Bustadar og bumiljø
⁠Mange trivst i kommunen og blant ungdom ligg til dømes over landssnitt på opplevd tryggleik i nærmiljøet. Bustad- og bumiljø er eit sentralt tema for å klare å bli eit generasjonsvenleg samfunn. Bømlo må ha ein meir strategisk bustadplanlegging. Arealpolitikk må i større grad sjåast i samanheng med klima, helse, kultur, mobilitet, arbeidsplassar og kommunale tenester. For å appellere til tilflyttarar og gjennomføre nasjonale satsingar som «Bu trygt heime» må me i større grad sjå bustad, mobilitet og arealforvaltning på tvers av kommunegrenser og.

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Bømlo Næringsråd viser til tilflyttarstrategien, og ber om at ein i KPS-en òg tek høgd for ei stor breidde av buformer, tek mål om å få etablert rimelege bustader for både yngre og eldre, gjerne med alternative finansieringsmodellar, og ikkje minst legge til rette for ein leigemarknad med større utval og moglegheiter for ulike målgrupper enn i dag. Med dei endringane som er i samfunnet, er det ikkje sikkert at like mange er i posisjon til, eller i same grad ønskjer, å eige sin eigen bustad i framtida, som i dag.

3.8. Klima
⁠Klimarelatert arbeid har aldri vært så viktig som det er i dag og me skal ta vare på det positive klimaengasjementet. Bømlo kommune fekk nyleg tilsett klima- og miljørådgjevar, noko som gjer kommunen i stand til å vere ein pådrivar i arbeidet med klimatilpassing og klimaforebygging. Dette betyr at me kan ha auka fokus på klimaberedskap, kutte klimagassutslepp, bevare naturlege karbonlagre, fase ut mest mogleg fossile energikjelder, og gjere meir omfattande kartleggingar på områder knytt til dette. Lokal energitilgang og energisparing kjem til å bli eit viktig tema i ny samfunnsdel og.

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Bømlo kommune har mange bedrifter som er langt framme på berekraftsarbeid, og me spelar inn at kommunen bør dra nytte av denne kompetansen som finnes i kommunen, og arbeide for å bli ein berekraftig kommune.

3.10. Næringsutvikling og arbeidsplassar
⁠Næringslivet i Bømlo går svært bra, og kom til dømes ut på 38. plass i NHO sitt «Kommune NM» i 2023. Me skal halde fram med å ha eit bredt spekter av arbeidsplassar og gründerand. Næringspolitikk må bli eit sentralt tema i ny samfunnsdel. Sidan kommunen per i dag ikkje har næringspolitisk rådgjevar eller eigen næringsplan bør dei overordna måla vere i KPS og bli følgt opp med handlingsplanar. Mangel på arbeidskraft og kompetanse, både privat og offentleg, er ein av dei store utfordringane som me må løyse i fellesskap. Gode bumiljø, mobilitet og høvelege bygg og areal er grep kommunen kan prioritere. Reiselivssatsing må sjåast i samanheng med både kultur, handel og naturforvaltning.

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Næringslivet på Bømlo går bra, men me treng større breidde i arbeidsplassar enn i dag for å tiltrekke oss meir kompetanse. I tillegg til å legge til rette for og vidareutvikle arbeidsplassane og næringane me har, treng me å legge til rette for fleire arbeidsplassar for dei med lengre utdanningsløp, og me treng fleire arbeidsplassar innan kreative yrke, reiseliv og kulturarbeidsplassar. Når det gjeld reiseliv, må ein òg sjå arbeidet saman med destinasjonsutvikling i kommunen og regionen.

Det er òg viktig å ta vare på dei arbeidsplassane me har, og særleg innan område der me ser rekruttering vil bli krevj ande framover, til dømes helse og oppvekst. Her bør KPS en seie noko om at det må på plass løysingar i vår kommune som gjer desse arbeidsplassane meir attraktive her enn andre stader.

Bømlo Næringsråd er elles svært positive til at det blir utarbeida konkrete handlingsplanar for næringsutvikling i forlenginga av KPS-en, og ønskjer gjerne å bli invitert inn i arbeidet.

3.11. Arealforvaltning
⁠I gjeldande samfunnsdel #Bømlo2049 blei kommunesenteret og dei fire andre lokalsentra definerte og gjort tydelege, basert på breie medverknadsprosessar med grendautval og andre. Me ønskjer å halde fram med å byggje opp under lokalsentra som viktige «nav» for alle grendene omkring. Dei arealstrategiske satsingane held fram og må i større grad sjåast i samanheng med næringsliv, mobilitet og kultur. Me ønskjer og å få på plass eit arealrekneskap og sikte oss inn mot å bli arealnøytrale, med eit stadfesta mål.

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Det å lage gode sentrum, både kommunesenter og lokalsenter, med god funksjonsblanding og uteareal, er sentralt arbeid i det å legge til rette for handel- og servicenæringa. Skal Bømlo klare å vere attraktive for arbeidsplassar innan denne næringa framover må dette prioriterast. Vidare er det i tilflyttarstrategien peika på at eitt av områda ein må arbeide med for å auke attraktiviteten til Bømlo som stad å bu, er utvikling av effektive og levande kommunesenter og lokalsenter, med god funksjonsblanding og som er dimensjonert for folketalet på Bømlo. Me ber om at dette vert teke omsyn til i revidering av KPS til Bømlo kommune.

3.12. Mindre tilgjengeleg areal
⁠Av fleire årsaker kjem tilgjengeleg areal i praksis til å bli mindre framover. Dette er dels grunna stadig høgare kostnadar for utbygging og drift, dels grunna klimatilpassing/klimarisiko og dels for å sikre den urørte naturen og matjorda som er igjen. Meir spreidd infrastruktur (veg, VA, bustadareal) er svært kostbart for kommunen og kjem ikkje til å vere økonomisk berekraftig for kommunen. Det er venta ei nasjonal handlingsplan for natur, med bakgrunn i den globale naturavtalen frå Montreal 2022, kor kommunane er nøkkelaktørar. Me har likevel eit behov areal til anlegg og nye næringar. Areal må i større grad bli gjort tilgjengeleg gjennom omdisponeringar og omprioriteringar.

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Det er viktig at ein i arbeidet med næringsareal på Bømlo ser på moglegheita til å vidareutvikle eksisterande næringsområde, og komplettere med nærliggjande areal der det kan vere naturleg å utvide. Me har næringar i sjø, ved sjø og på land som det må takast omsyn til, og ein må tenkje stort når ein planlegg for framtida. Det er òg viktig at det blir lagt til rette for god styring og organisering av industriområde framover, særleg med fokus på å løyse utfordringar med tilgang til nok kraft og anna infrastruktur, og dette i tett dialog og samarbeid med næringslivet.

Det er òg viktig at ein ser Sunnhordland under eitt, og samarbeider godt på tvers av kommunane i regionen, og brukar Invest in Sunnhordland aktivt. Ein kunne til dømes tenkje næringsareal og næringsparkar på tvers av kommunane, der me kan tiltrekkje oss nye aktørar til regionen. Me har gode kaianlegg for kommunikasjon på sjø, og med meir og meir elektrifisering av transport, vil ein ha minimalt med utslepp når ein flyttar seg rundt i Sunnhordlandsbassenget. Og med eit flott vegnett internt på Bømlo til/frå E39, Rogfast under bygging og Hordfast vonleg like rundt hjørna, vil næringsareal i vår region vere svært sentralt, og ikkje minst attraktivt med tanke på det breie og gode kompetansemiljøet me har her. Me meiner dette bør løftast fram i KPS-en.

3.13. Oppvekst og skule
⁠I Bømlo er det full barnehagedekning og høg barnehagedeltaking som bidreg til sosial utjamning. Nærmiljøa er engasjerte i skulane sine, med fleire aktivitetar der på ettermiddag og kveldstid. Kommunedelplan for oppvekst skal bli rullert i 2024. Sjølv me i dag har kvalifiserte tilsette i skule og barnehage Vil tilgangen på slik arbeidskraft bli ei utfordring. Barnetalet i kommunen går ned, og vil føre til utfordringar når det gjeld demografi, skular og infrastruktur. Det vil vere store vinstar for samfunnet i å satse godt førebyggjande folkehelsearbeid som ein integrert del av barn og unge sin oppvekst.

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Næringsrådet har siste åra fått fleire tilbakemeldingar frå bedrifter om at grunnleggjande kompetanse, særleg innan matematikk og andre realfag, ikkje er tilfredsstillande, og at den praktiske kompetanse og gründermentaliteten går nedover. Me les og i avisene at nasjonale prøvar viser at norske 15-åringar ikkje har kompetanse nok til å klare matematikken på vidaregåande skule. Me ber difor om at ein i revidert KPS òg vektlegg planar på overordna nivå for å sikre god kvalitet på opplæring og læringsmiljø, og gjer aktive grep for å auke kompetanse særleg innan realfag og entreprenørskapsfag i grunnskulen. Her igjen vil me peike på kor viktig det er, å bruke alle verkemiddel ein har, for å gjere læraryrket meir attraktivt i vår kommune, både for dei som er tilsett i skulen i dag, og for framtidig rekruttering.

Det er òg viktig i arbeidet med oppvekst og skule, å ha det vidaregåande skuletilbodet i tankane, og legge til rette for at det er attraktivt å gå på vidaregåande skule på Bømlo, både for ungdom herifrå, men òg tilreisande ungdom. Ved å sikre godt elevgrunnlag til skulen, vil ein samstundes sikre utdanning av kompetanse tett på det lokale næringslivet, og ein vidaregåande skule dimensjonert for næringslivet sine behov. Dette ser me i Bømlo Næringsråd på som særs viktig.

3.15. Bømlo kommune som organisasjonen
⁠Kommunen treng mange gode fagfolk i alle ledd for å å møte framtidas utfordringar. Det er avgjerande for å redusere forventningsgapet mellom kva som blir forventa av kommunen og kva me kjem til å klare å levere. Internt i organisasjonen blir det behov for meir kompetanse på til dømes klima i arealforvaltning, helse- og bumiljø i ein nærare samanheng, meir grøne og berekraftige innkjøp (produkt, IKT, bygg, skule- og helsesektor). Alle tilsette skal ha tryggleik i arbeidskvardagen sin.

Innspel frå Bømlo Næringsråd
⁠Bømlo Næringsråd ønskjer å gjere merksam på at det finnes mykje god kompetanse i næringslivet, og oppmodar kommunen til å inngå rammeavtalar med næringsaktørar for å støtte opp om Bømlo kommune som organisasjon. Det er i desse rammeavtalane viktig at det blir sett tildelingskriteria som inkluderer lokale og regionale næringsaktørar. Me i næringsrådet kan gjerne vere ein støttespelar for kommunen i forkant av anskaffingar, der ein gjennom dialog med leverandørnæringa kan få verdfulle innspel, som kan bidra til at kommunen kan gjere betre bestillingar på område der ein kanskje manglar kompetanse i dag, og ikkje minst sikre at tildelingskriteria ikkje blir ekskluderande for lokale bedrifter som har kompetansen og erfaringa som trengs for å vere ein god partnar for kommunen.

Me vil òg peike på at i ei tid med store endringar og utfordringar framover, slik rapporten «Bømlo i dag – eit samfunn i endring» peikar på, er dette med dialog og informasjon både internt og eksternt svært viktig. Å styrkje informasjons- og kommunikasjonsarbeidet i kommunen trur me vil vere viktig i tida som kjem, og oppmodar om at dette og vert løfta fram i samfunnsdelen.

Til sist registrerer me at planprogrammet peikar på at det går føre seg eit arbeid om kultur, idrett og frivilligheit, men at det ikkje er løfta fram som eit kapittel under «Hovudutfordringar og sentrale tema». Sjølv om dette blir handsama i ein eigen kommunedelplan, synes me det ville vore fornuftig å løfte dette opp som eit kapittel i KPS-en.

Me ønskjer lykke til med arbeidet med revidering av KPS-en, og ser fram til resultatet.

Bømlo, 4. januar 2024

Nina Ingvaldsen
⁠Dagleg leiar, ⁠Bømlo Næringsråd

Sjå alle nyhende