Bømlo Kommune kjem på Heim igjen!
Er du klar for ein jobb med meining? Våre heltar i kommune-Noreg treng fleire kollegaer! Og behovet er stort: over dei neste 10 åra kjem me til å mangla 50 000 på jobb i kommunesektoren for å sikra at me får levert tenester som i dag. Det er altså eit stor behov for flinke folk, og det kjem mange spanande jobbmoglegheiter.
Innan kommunesektoren kan du jobbe med nesten kva som helst! Er du glad i tal og matematikk, så kan me lova deg at kommunen har behov for økonomar og ingeniørar for å følgje opp store budsjett og prosjekt. Eller kva med ei karriere innan utvikling og digitalisering eller IT-sikkerheit? Kommunen treng deg som ønskjer å jobbe med kommunikasjon, web- og sosiale media, for å sikra god informasjonsflyt. Er du på jakt etter meir action er kanskje brannkonstabel eit godt alternativ. Drøymer du om å gje born og unge ein god start og bidra til utvikling så er det mange moglegheiter innan barnehage, barnevern, som logoped eller som barne- og ungdomsmedarbeidar. Kommunen treng kompetanse innan helse, pedagogikk, IKT, økonomi, leiing, byggfag og ulike ingeniørdisiplinar, juss, samfunnsutvikling, psykolog og kokkefaget for å nemne nokre moglegheiter.
Det er mange utfordringar som skal løysast og kommunen treng kloke hovud, varme hjarte og effektive hender. Har du det som skal til?
Bømlo kommune tilbyr sommarjobb innan helse og tekniske disiplinar. Behovet går frå assistent til lege, frå gartnar til målar. Det er oppgåver som skal løysast på institusjon, på legekontoret, i folk sine heimar eller vedlikehald av kommunale bygg og uteareal. Stillingsannonse kjem ut like over nyttår.
Skal du skrive ein bachelor- eller masteroppgåve? Kanskje kommunen kan vera ein oppdragsgjevar – ta kontakt for ein uformell prat eller møt kommunen på Heim igjen 2023!