Bedrifter som har innspel til KPA - ta kontakt
Bømlo Næringsråd ønskjer å sende inn innspel på vegne av ulike næringsområde og næringsinteresser til kommuneplanen sin arealdel (KPA). Bedrifter som har innspel ber me om at tek kontakt med oss i Bømlo Næringsråd i løpet av februar/mars.
Bømlo kommune har lagt ut KPA-en til høyring, med høyringsfrist 1. mai 2024. Me i Bømlo Næringsråd ønskjer å levere inn høyringsinnspel frå næringslivet, og få fram viktige innspel som vil vere avgjerande for å legge til rette for både eksisterande og ny næring.
Område me kjem til å gje innspel på er byggenæring (bustadutvikling), havbruksnæring, reiseliv (destinasjonsutvikling) og fiskeri. I tillegg legg me opp til å gje innspel på sentrumsplanen (sentrumsutvikling), med bakgrunn i tilrådingar frå tilflyttarstrategien, noko som er viktig for blant anna handel- og servicenæringa vår. Me vil òg vurdre om det har verdi å gje innspel på øvrige innsatsområde frå tilflyttarstrategien, som mobilitet, arbeidsplassar og inkludering.
Me kjem til å invitere bedrifter på ulike industriområde om å komme med innspel til KPA-en. Dette gjeld medlemsbedrifter på Serklau, Hovlandshagen, Rubbestadneset, Øklandsvågen, Brandasund og Hollundsdalen. I tillegg kjem me til å ha ein runde med Invest in Sunnhordland, og sjå om det er innspel frå regionalt hald.
Bedrifter som har innspel ber me om at tek kontakt med oss i Bømlo Næringsråd i løpet av februar/mars.