Ilder

TCW: Simulering - Energi og Skrog

bilde

Tech Cluster West (TCW) er eit møtepunkt for IT- og teknologiglade personar i Sunnhordland. og er eit forum for å presentere og diskutere aktuelle teknologiar, trendar og hypes. Bitcoin, blockhain, AI, tryggleik, hacking, personvern m.m. har vore på agendaen. Møta er i 3. etasje på Kunnskapshuset på Stord, varer i 2-3 timar, og går akkurat passe i djupna på eit aktuelt tema. IT-selskapa iteam og ilder er pådrivarar for arrangementet.

Tech Cluster West inviterar med dette til hendinga “Simulering - Energi og Skrog” 🌊🔋

Frå SKL kjem Michel Mesquita, Ph.D med keynote “Stord energisektor: Numeriske simuleringer og fornybare energiens fremtid”. 🌍🔬 Frå Salt Ship Design kjem Frode Meling og gjer ein kjapp demo av korleis dei nyttar compute til å simulere bølgjetilhøve langs skrog. 🚢💻

Den raude tråden vert då innan simulering, og for å lette litt på stemninga: 😄 Kva sa den eine simuleringa til den andre? "Trur du me berre er ein illusjon?” 🤔

Påmelding til arrangementet gjer du her.

Sjå alle hendingar