Bømlo Kulturhus

Bømlakonferansen 2023

bilde

8. november blir det igjen konferanse i Bømlo kulturhus. Me byr på relevante og interessante innlegg frå flinke folk, før me denne gongen skal hyggje oss med litt sider og sushi.

Me har fått Ingrid Esperø, heimflytta bømling som pendlar til Bergen på jobb, til å vere konferansier denne dagen - ei oppleving i seg sjølv.

Så ta med deg kollegar frå jobb og bli med på ein triveleg dag! Og for kvar påmelde frå næringslivet, kjem ein elev frå Bømlo vgs - så i år går me for full sal og nettverking med dei som skal ta næringslivet vidare i framtida!

Trykk her for å melde deg på konferansen! Påmeldingsfrist: 29. oktober.

Arrangementet er sponsa av Sparebanken Vest og Bremnes Seashore.

 Program

09:30

Registrering av deltakarar

10:00

Tilflytting

Velkommen til konferanse

v/ ordførar

Eg e ein Bømling

v/ musikar Kurt Inge Larsen Bømlo Film og Musikk

Oppskrifta på meir tilflytting til Bømlo

v/ dagleg leiar Aslaug Tveit LÉVA Urban Design

Er me så attraktive i Sunnhordland som me trur?

v/ dagleg leiar Astrid Kjellevold Atheno

11:00

Pause med kaffi og noko godt

   

11:30

Generasjonar

Gamle spelereglar og nye medarbeidarar i arbeidslivet

v/ organisasjonspsykolog Erik Næss AFF (Stiftelsen Administrativt Forskningsfond ved Norges Handelshøyskole)

Livepod med ny konsernsjef i Bremnes Seashore Linda Litlekalsøy Aase

v/ podvert Kjetil Fyllingen Sunnhordlandspodden

12:30 - 13:30

LUNSJ

13:30

Næringar

Det siste fraktefartsselskapet på Moster

v/ dagleg leiar Torbjørn Torkelsen Aasen Shipping

Eit godt auge til bømlingen gjennom 30 år

v/ dagleg leiar Marianne Pleym Interoptik Bømlo

Industriell varmepumpe skalerer opp på Rubben

v/ dagleg leiar Stefano Vittor Olvondo Technology

Vegen vidare for Bømlo fiskerihamn - saman med lokalt næringsliv

v/ forretningsutviklar Kristine Edvinson Karmsund havn

14:30

Pause med kaffi og noko godt

15:00

Regionar

Musikalsk innslag

Kva vil Rogfast bety for Sunnhordland sitt forhold til Bergen?

v/ professor i historie ved HVL og forfattar av boka "Bergenseren" Morten Hammerborg

Sidersamarbeid byggjer bruer i Hardanger

v/siderbonde Håkon Kvestad Kvestad Sideri

16:00 - 19:00

Sider og Sushi + eit hemmeleg innslag :)

på #HiSio

Pris for deltaking:

  • Medlemmar inkl. sider og sushi: 2 990 kr + mva
  • Medlemmar utan sider og sushi: 2 690 kr + mva

Ikkje-medlemmar er sjølvsagt òg velkomne til å delta mot eit påslag på 500 kr på billetten.

Påmelding gjer du ved å klikke deg inn på denne lenka, eller send ein e-post til heidi@bomlonr.no. Påmeldingsfrist: 29. oktober. Påmelding er bindande.

Sjå alle hendingar